Toppturkurs for seniorar // 2 dagar på Gjendesheim

Kurs

Fra dato
8. mars kl. 18:00
Til dato
10. mars kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer, Fjellsportinteresserte
Arrangører
Gjendesheim, Aktiviteter betjente DNT OO hytter , Gjendeguiden
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar i magiske Jotunheimen! 

Har du kjørt alpint, gått på fjellski eller langrennski, og er litt nysjerrig på alpint turutstyr? I tillegg har du kanskje tid til å gå på tur også på vekedagar? Bli med rutinerte Gjendeguiden på kurs, lær håndverket og treff nye turvenner!

Alpint turutstyr, eller randonee, har vorte særs populært siste åra. Kva er det? Kva treng du? Og ikkje minst; korleis gjer ein det? Gjendeguiden har brukt alpint turutstyr i 25 år, og vi gjev deg ei grunnleggjande innføring i bruk av alpint turutstyr, skredlære og anna relevante tema knytt til skiturar i vinterfjellet. Vær- og skredfarevurdering, turplanlegging, gruppedynamikk og skiteknikk vil være hovudtema, men du vil også få erfare kva ein lang skidag i høgfjellet krev av klede og anna hensiktsmessig utstyr. Bruk denne helga til å gjere nokre gode erfaringar og få gode råd av rutinerte vegledere frå Gjendeguiden. Vi kjenner godt til alt som fins på markedet, både av brukt og nytt utstyr!

På våre vinterkurs har vi alltid små grupper på 6 deltakere per vegleder. Dette gjev høve for godt læringsklima og erfaringsutveksling i gruppa. Du treng ingen forkunnskaper for å delta på kurset, utover det å kunne være utandørs ein lang vinterdag. Alt av naudsynt ski- og skredutstyr kan leigast hjå Gjendesheim.

TIPS! Inviter med ein ven på kurset, så har du nokon å gå på tur med til du er klar for neste kurssteg med Gjendeguiden.

Toppturkurs for seniorar // 2 dagar på Gjendesheim

Velkomen på vårt populære toppturkurs og lærerike dagar i magiske Jotunheimen!  Har du kjørt alpint, gått på fjellski eller langrennski, og er litt nysjerrig på alpint turutstyr? I tillegg har ...

Kontaktinformasjon: