Logo
Til DNT.no forside
Rundtur Jotunheimen vest, Fondsbu - Olavsbu - Skogadalsbøen - Fondsbu

Maten på Fondsbu

På Fondsbu legger vi vår sjel i å servere god mat til gjestene. Mange av råvarene kommer fra lokale produsenter i Valdres. Og alt lages fra bunnen av her på kjøkkenet.

Publisert: 17. september 2023
Om DNT

Her på Fondsbu lagar vi maten med kjærlighet

Alle som kjem til Fondsbu vil merke at vi bryr oss om at maten skal vera best råd kvar dag og til alle tider på dagen. Du får skikkeleg kost som vi lagar frå botnen av reine, lokale råvarer, utan juks og tilsettingsstoff. Dyra som gjer kjøt til vårt kjøken har hatt det godt!

Lokal mat frå gardar i vårt område

Alt kjøt vi serverer på Fondsbu er frå gardar i Vang. Her er det små bruk og alle dyra får kjærleg stell og kan gå fritt ute om sumaren.

Tyin-Lamma beitar ved Tyin, Solskinnsgrisen går fritt ute på Helin, kalvane spring i Smådalen og killingane sprett rundt i Skrebergo.

Hjorten spring som han vil ti han blir felt.

And og kalkun får vi levert frå Vestfoldfugl, som driv med strenge krav til dyrevelferd, foring og ikkje minst plass.

Kyllingane er økologiske og frå Håvelsrud Gård på Helgøya i Mjøsa. Dette er lubne, gode og lukkelege fuglar.

Vi kan tilby

Heimelaga mat av lokale råvarer både til frukost, i kafeen på dagtid og til middag om kvelden.

  • Blid og triveleg betjening
  • Rømmevafler, Fondsbu sine berømte kanelboller og andre freistande kaker
  • Karbonadesmørbrød, omeletter og rundstykker 
  • Dagens rett og anna heimelaga mat
  • Rømmegraut kokt på Valdresvis (i sumarsesongen)
  • Lokale drikkevarer

Måltider

Husk å gi beskjed ved innsjekk eller når du bestiller rom, hvilke bordsetning du ønsker å spise på.

Frukostbuffet

  • Kl. 08:00-10:00 (vinter og haust) og 07:00-10:00 (sommer)

Niste og termos

  • Du kan smøre matpakke frå frukostbordet.
    Vi fyller termosen for deg, leveres ved resepsjonen på kvelden.

3-retters middag

  • Første bordsetning kl. 19:00
  • Andre bordsetning kl. 21:00

*Det serveres også kaffe og te. 

 

Merk: Det kan vera andre tider under gourmethelger og andre arrangement. Oppslag fins då på hytta.

Kafeteria: Vi serverer varm mat, og bakst frå kjøkenet kl. 11:00 - 17:00

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem